Forfattarkatalogen    Tidsskriftet  'Forfatteren'    Spelkalender    lind.no  

Litterære antologiar:
 Forfattarstudiet i
Tromsø 2001

 Forfattarstudiet i Bø 1998



Krig og poesi - the American way

Av Paal-Helge Haugen

Det var ein gong ein bibliotekar i USA som heitte Laura - fødd Welch, gift Bush. Nå er det ei god stund sidan ho deltok i forvaltinga av den kunnskapen, ettertanken og dei kritiske perspektiv som kan samlast mellom to permar. I staden deltar ho i forkvaklinga av amerikansk og internasjonal politikk, ved å stille seg pent opp bak manipulerande menn og smile på dei riktige stadene. Ho er nemleg blitt forfremma. I dag ber ho den snodige tittelen First Lady, noko som logisk sett burde gjere hennar ektemann, ein viss George Wallace Bush jr., til First Gentleman. Men så langt vågar ein seg ikkje i språkbruk i USA eingong. Visse grenser må det vere.

Frå sin nye opphøgde posisjon har den tidlegare bibliotekaren funne det korrekt å gjere ein innsats for den amerikanske litteraturen. Det har tatt form av litterære symposium, som ho har arrangert i det romslege kvite huset der ho for tida er innlosjert. I følgje rapportar har der hittil vore både vennlege og livlege diskusjonar - om litteratur. Det skal det nå bli ein slutt på. Mange av desse litteratur-folka er nemleg både estetisk uopplyste og uhøflege mot vertinna, gudbedre. Dei vil ikkje innsjå kvar litteraturens yttergrenser går, og at det på den eine sida finst hyggelege bagatellar som poesi, og på den andre sida alt det viktige, som vaksne folk bør stelle med: Politikk og krig, to storleikar som for tida ser ut til å bli rekna som identiske der i huset.

Det skjedde noko leitt sist veke. Laura Bush sende i beste meining ut ein ny invitasjon til utvalde medlemmar av USAs litterære establishment - denne gongen ville ho lage eit symposium som skulle bere tittelen "Poetry and the American Voice", og skulle avviklast onsdag 12. februar. Men det spørst om den gamle bibliotekar hadde lese sine amerikanske klassikarar. Symposiet skulle nemleg dreie seg om Emily Dickinson, Langston Hughes og Walt Whitman. Og det var jo temmeleg korttenkt. Som bibliotekaren burde vite, var desse tre døde skaldane ikkje av den slagen ein ville ønskje å sleppe inn i huset, i alle fall ikkje i dét huset. Nåja, til nød Emily Dickinson kanskje, men definitivt ikkje dei to andre. Whitman var jo ein utriveleg skjeggete og homsete type, som på sitt verste kunne finne på å skrive at høge embete i USA - inkludert presidentembetet - vart kjøpte og selde og fylte med gamle politiske horer. Hughes var ein fæl svart aktivist med venstreradikale sympatiar, og vart grundig overvaka av FBI og overhøvla av den utrøyttelege Joe McCarthy. Og då hjelper det ikkje at dei samstundes var poetar av verdensformat. Alt dette burde jo bibliotekaren forstått. Slik går det når ein ikkje les bøker. Stakkars Laura! Ho fekk nok gjennomgå på det kvite kammerset.

Så viser det seg at levande poetar ikkje er eit hakk betre enn dei døde. Og dei levande har jo den ulempa ved seg, samanlikna med dei avlidne, at dei framleis er i stand til finne på ny dævelskap. They just won't lie down. Og sidan største delen av amerikanske litteratar (og andre intellektuelle) av ein eller annan grunn ikkje er samstemde med Lauras ektemann, tok dei invitasjonen som ein invitt til å lage ei brei markering av poetane sin motstand mot USAs planar om angrep på Irak. Initiativet kom frå Sam Hamill, poet og grunnleggar av det høgt respekterte forlaget Copper Canyon. Han sende e-postmeldingar til ei lang rekke framståande amerikanske forfattarar og bad dei bidra til ei nyoppretta internettside, med skjønnlitterære tekstar og kommentarar til USAs krigsplanar. Responsen var enorm. På få dagar kom det inn over 2000 bidrag, frå folk som Adrienne Rich, Hal Sirowitz, Stanley Kunitz, Rita Dove, Grace Paley, Galway Kinnell, W.S. Merwin og den gamle beat-legenden Lawrence Ferlinghetti. Ferlinghettis dikt "Coda" inneheld linjer som desse: "- og Amerika freistar omsetje angrepet på World Trade Center/ til byrjinga av tredje verdenskrig". W.S. Merwin skriv i ein kommentar at "Bush og hans planar er ein større fare for USA enn Saddam Hussein".

Sterke ord, for visst. Ikkje eit hår betre enn Walt Whitman. Så poetar er vel seg sjølv like, i alle fall sett frå makta sin synsstad, uansett når i historien dei opptrer, og uansett om dei heiter Ovid, Villon, Victor Hugo, Osip Mandelstam eller Lawrence Ferlinghetti. Ein kan rett og slett ikkje stole på dei, når krigsropet gjallar og det gjeld å vere med oss eller mot oss.

Så vertinna vart fornærma, som rimeleg var, og ville ikkje ha besøk av slike folk. Ho sende ut avbod, fordi - som ho seier - det fanst visse personar mellom dei inviterte som ville "forvandle eit litterært møte til eit politisk forum". Dei var så frekke at dei ville bruke sine eigne, samtidige amerikanske røyster til å uttrykke sitt syn på atskillig meir enn det rytmiske grunnmønsteret hos Whitman, eller tankestreka sin signifikans i Dickinsons poesi. Dei hadde altså mistolka invitasjonens uttrykte ønskje om å lytte til ei autentisk "American Voice". Men det kan jo også kome av at den amerikanske røyst som gir gjenlyd i førstedamas hovud, er ei heilt anna enn dei faktiske røystene ute i den amerikanske røyndomen. Så Laura synest vere samd med sin ektemann også i dette: Vi går til krig for demokrati og menneskerettar, men vi har for pokker ikkje tenkt å tillate kven som helst å seie kva som helst for den skuld. Og slett ikkje når som helst.

Men forfattarane herjar ufortrødent vidare. Dei lærer visst aldri. Den kanadiske poeten Todd Swift har i løpet av få dagar redigert ein internettbasert antologi med tittelen "100 poets against the war". Den skal overleverast til representantar for Bush-administrasjonen seinare denne veka. Det blir nok ei triveleg stund. Dersom du har lyst til å lese antologien, kan du hente den, og anna stoff om poet-aksjonen, frå nettstadene {http://www.nthposition.com|www.nthposition.com} og {http://www.poetsagainstthewar.org|www.poetsagainstthewar.org}. Og for ein gongs skuld er det frie ord gratis. Elles kan det jo ha store omkostingar knytta til seg. Atskillig større enn for den tidlegare bibliotekaren, som truleg berre fekk ei overhaling fordi ho ikkje forstod at det alltid blir ugreie om ein mengar seg med forfattarar - dead or alive, som det heiter over there.

(Trykt i Fædrelandsvennen, 4. februar 2003)

 nth position
 Poets Against the War
 Forfattarkatalogen    Tidsskriftet  'Forfatteren'    Spelkalender    lind.no  

webmaster@skrift.no (Idar Lind)