Jens K. Styve


Inger Bråtveit - Jens K. Styve
Annelill Flaamo - Roy-Morten Østerbøl
Ragnhild Vik Nilsen - Anja Ha Oterhals
Rannveig Jetne Haga - Helge Gabrielsen
Endre Lund Eriksen - Guri Sandvik


 

– Ja det er meg.

– Åhei ja. Kor e du?

– Eg står no med bassenget. Sveittar og steikjer som faen sjøl.

– Åja. Du er der nere ja. Det var så klår linje.

– Klår linje?

– Klår telefon.

– Å?

– Ja.

– Jaja.

– Kortid kjem de heimover?

– Over helga. Natt til tysdag.

– Åja det var det ja.

– Hvis me får med oss alle desse suvenirane til ho Bjørg.

– Å! Hehe. Det kan du sei ja.

 

/pause/

 

– Har det skjedd noko der heime?

– Hm? Nei.

– Nei?

– Eg kvelva med traktoren din.

– Ka sei du?

– Han kvelva. Eg slo nordom åsen, i bråtet der. Me gjekk over ende.

– Nei fasken. Kva tok du opp forhøstaren der etter? Eg har då slåmaskin?

– Eg er sjukemeld no. Kommunen har skaffa to ungdomar til å ta stellet.

– Ungdomar?

– Skuleungdomar. Han eine er odelsgut.

– Kven er det son til?

– Han er ute frå Austrheim.

 

/pause/

 

– Hallo Ivar?

– Ja.

– Eg trudde det braut. Syns eg høyrde noko skraping på linja.

– Skraping?

– Såg du kampen i går då Ivar?

– Ja.

– Det er vel fullt av galne spanjolar der nere no? Eg høyrer dei skal vera så dårlege taparar?

– Ja.

– Her heime tek me no sigeren med stor ro, ja.

– Ja.

– Og. Ungane trivs i varmen?

– Ja.

– Du får no ta og helsa heile gjengen.

– Har du brekt noko?

– Begge armane. Eg har snakka med han Landsem på trygdekassen.

– Armane? Korleis.. Korleis kan du halda røret då?

– Ho Gunn. Ho held.

– Å gjer ho det.

– Du får ha fortsatt god ferie då, Ivar.

– Ja.

– Hadet.

– Ja, ha det ja.

 

 

 

D E I H A N D L A N D E

M o r, ein pensjonert sjukepleiar.

J e e n s, hennar son.

Eit par utilnærmelege jenter.

Ein tvilsam fyr med ei brennevinsflaske.

S o l, ei innvandrarjente.

 

F Y R S T E H A N D L I N G

– No tek du vel litt sterkt i?

– Nei, det er fakta faen!

– Skal me vedda?

– Kvifor.. skal eg vedda på det?

– Haha! Du tør ikkje! Alt er oppspinn.

– Nei, det er sant! Kvart einaste ord!

– Og likevel skjems du ikkje? Ovanfor di eiga mor?

For eit mylder av jenter!

Sju-åtte på kvar mann!

Å piskande død, eg må inn på konserten.

Det dundrar i brustein av svettande rocken.

Ein ung bassist har gjort leksene.

Det hamrar og sparker som helvetes hestane.

Og heile den glitrande jenteflokken!

Ja, Piskande død må eg inn på konserten.

– Du ser ut til å vera ei av dei sprekaste jentene her i kveld?

– Eg er ikkje det.

– Kva med deg? Dansar du?

– Berre når eg er i godt selskap.

– Og du vesle blome?

– Er på veg heim.

– Hei der! Tek du ein dans med meg før eg kjem på betre tankar?

– Spar meg for tankane dine.

– Hei du! Vil du danse?

– Skal heim og sova.

– Er du tullete? Sova i kveld?

(Der går ho. Til dans med mister hentesveis.)

– Kor blir det av dei ledige damene?

– Spør du meg så spør eg deg.

(Ei mørk jente kjem roleg gåande gjennom lokalet.)

– Innvandrarjenta.

– Frå austen?

– Ja. Pakistan.

– Du er visst den guten som ville danse?

– Hm? Ee.. javisst! Kom!

– Ikkje for lenge sa mor.

– Sa mor! Sa mor? Er du fødd i fjor?

– Gløym det med den dansen,

– Nei! Kom! Kor gamal er du eigentleg?

– Kva heiter du?

– Sol. Og du?

– Jeens.

– Å!

– Å kva då?

– Eg.. Skolissa er laus. Eg må stramme.

(Ein fyr tek Jeens til side og byr på ei flaske frå innerlomma.)

– Litt brennevin, Jeens?

– Nei.

– Ta deg ein støyt. Eg høyrer du sel.. lukkepiller?

(Jeens drikk.)

– Kor har du det ifrå?

– Ein liten fugl nevnte det i ein song.

– Du skal ikkje tru kvar spurvesatan.

(Sol reiser seg for å gå.)

– Å. No er det bra at du kjem.

– Slepp meg. Det går ikkje.

– Jau! Eg kan.. Skapa meg om til eit troll!

 

Eg skal koma til senga di i natt klokka tolv.

Høyrer du nokon som hveser og freser,

Så tru ikkje at det er ein katt.

Det er meg, eg tappar ditt blod i ein kopp.

Veslesystera di, henne et eg opp.

Du skal vite at eg er varulv i natt - -

Dans med meg Sol!

– Eg tør ikkje no. Ikkje om eg ville. La meg gå i fred.

(Sol går hastig inn i folkemengda og forsvinn.)

Og kva så med deg du vesle sjarmerande jente,

Eg ser du kan trenga eit nytt glas med øl.

Kanskje eg til og med tek meg eit sjølv.

Kven veit om me ikkje har nachspiel i vente?

© Jens K. Styve
E-post: jens@jetfly.com
Heimeside: www.jetfly.com