Inger Bråtveit


Inger Bråtveit - Jens K. Styve
Annelill Flaamo - Roy-Morten Østerbøl
Ragnhild Vik Nilsen - Anja Ha Oterhals
Rannveig Jetne Haga - Helge Gabrielsen
Endre Lund Eriksen - Guri Sandvik


 

 

Mor og far på ski innover. Det skal vera slik. Mor og far på ski innover. Slik skal me gå innover, slik skal me gå saman, me skal bli trøytte saman og eta saman. Eta saman i sola med ski på føtene og ingen skal bli att åleine. Men eg vart åleine. Og mor og far forsvann.

– Me kjem tilbake og hentar deg. Så skal me gå saman heim.

Mor og far forsvinn innover viddene. Mor og far forsvinn over vatna. Med god gli skøytar dei innover, framover og vekk. Sola skin og eg står i snøen og ventar. Eg ventar her i snøen. Eg ventar på mor og far. På at mor og far og eg skal gå heim saman på ski. Eg står og ser etter dei. Eg ser til eg ikkje kan sjå dei meir. Til det berre er skispor att. Eg ser spora etter dei, eg ser skispora oppetter bakkane, eg kan tydeleg sjå spora etter mor og far oppover fjellet og aldri skal eg mista synet av det.

Eg skal aldri ta synet frå skisporet til mor og far. Eg skal vakta skisporet til mor mi og far min, eg skal halda vakt over skisporet langs heile skisporet, eg skal vakta dette skisporet heilt til det kjem eitt nytt spor. Heilt til dei kjem og tek meg med heim. Me skal gå heim saman, mor og far og eg. Eg står her i snøen. Urørleg og høyrer ein fugl som snakkar. Ein fugl sit og snakkar til seg sjølv. Eg høyrer fuglen som snakkar for seg sjølv og som no snakkar til meg. Fuglen seier han veit ting om meg. At det skal gå lenge før eg klarer å slutta og tissa på meg. At det skal bli verre og verre det der, at det kjem til å ta tid før eg klarer å venna meg av med det. At han veit at mor ikkje elskar far og at mor difor ikkje elskar meg. Fuglen seier at mor og far aldri skal koma tilbake og at det skisporet eg trur eg ser ikkje finst. Fuglen seier mor og far har teke ein heilt annan veg og aldri kjem til å koma attende. Så flaksar fuglen bort. Fuglen flyg sin veg og eg står att i snøen. Åleine står eg att i snøen på vatnet.

Eg kan ikkje gå nokon stad. Ingen stad har eg å gå til. Enno er eg ikkje redd. Enno veit eg lite. Enno veit eg ingenting om kvifor ein blir så redd når alle går. Enno veit eg lite om å stå åleine. Men eg står her. Åleine og utan ski. Enno står eg på vatnet, her me åt saman alle og sola skein og ingen fraus. Her står eg, men vinkar ikkje. Eg vinkar ikkje lenger, eg har teke på meg dei raude vottane og vinkar ikkje meir. Eg står med dei raude vottane på meg og kjenner ikkje at eg søkk. At eg har byrja å søkkja i snøen, at snart går snøen over skiskoa mine kjenner eg ingenting av for sola skin framleis. Framleis skin sola lurt ned til meg. Sola skin på det skisporet fuglen seier ikkje finst.

Eg vil gløyma fuglen. Eg vil ikkje tru på fuglen. Eg trur ikkje på fuglar, men på mor og far. På mor og far trur eg og eg trur at dei kjem tilbake og hentar meg. Mor og far skal koma tilbake og henta meg. Her eg står midt på vatnet kjenner eg ikkje at eg søkk i snøen og at snøen legg seg rundt føtene mine. Eg står her enno og trur at mor og far skal koma frå eitt nytt skispor, med eitt nytt skispor skal dei koma og henta meg. Så skal me gå heim saman. Saman skal me gå, mor og far og eg.

Eg tenkjer på mor og far. På mor som har smurt nista me har ete i lag. På far og kor fort han går på ski. Kor sterk han er og at han er saman med mor mi no og at mor er trygg saman med far. Far passar på mor når ho går på ski og mor passar på kor far går. Far kjem alltid tilbake til mor. Eg står her på vatnet og trur alt dette og kjenner ikkje at snøen pakkar seg rundt meg. At eg søkk i den våte snøen, at den våte snøen er tung og at snøen held meg fast. Eg stirer på skisporet eg veit finst og tenkjer ikkje på kva fuglen har sagt. Kva fuglen har sagt om at eg tissar på meg. Kva fuglen sa om at mor ikkje elskar far. Kva fuglen sa om at mor ikkje elskar meg. Eg held vakt over skisporet eg. Eg vaktar skisporet over mor og far. Eg vaktar så godt at eg ikkje ensar at sola blir borte. Eg ser ikkje at sola går ned og at eg no står til kness i snøen. Eg berre vaktar. Eg berre vaktar og ventar. Og held fram med å vakta og venta. Slik står eg og søkk. Sli står eg og ventar. Eg ventar på vatnet med snø som snart rekk meg til brystet. Når snøen har nådd meg til brystet kjenner eg ikkje at eg står her og frys. At eg frys og sola er borte. At eg frys og ikkje kjem meg laus.

Snøen er vorte hard. Eg står nedsøkt i snø midt på eit vatn. Eg frys og kjem meg ikkje laus. Eg kjem meg ikkje opp frå vatnet. Eg kjem meg ikkje opp.

Lufta er vorte skarpare. Himmelen og snøen går snart i eitt, snart ligg ein blåfarge over alt saman, snart kjem det blåe og legg lok over alt. Snart blir alt blått, det blåe kjem til å leggja seg over alt og ingen vil sjå sporet. Ingen kjem til å sjå skisporet. Eg ser snart ikkje sporet, snart ser ikkje mor og far skisporet. Eg høyrer ingen lydar, men høyrer likevel alle slags lydar. Ein stad høyrer eg far som gret, men eg veit at far aldri gret.

 

 


Eg har ein leik eg leikar i staden for å gråta. Eg har ein leik eg leikar når far ikkje kjem heim. Når far ikkje svarar let eg augo att. Eg let augo att og tenkjer at eg sit bak i den raude Volvoen vår. At eg sit bak i den raude volvoen og at far køyrer trygt på vegen. Eg er trygg i bilen når far køyrer på vegen. Eg er så trygg i bilen når far køyrer på vegen og eg sit i baksetet og ser på nakken til far. Eg kjenner nakken til far. Eg kjenner vel nakken til far min. Når far køyrer ser eg nakken hans og veit at ryggen hans kviler i baksetet. Ryggen til far kviler og eg ser verken andletet til far eller ryggen hans bak det store framsetet. Eg ser nakken hans. Eg leikar at eg ser nakken til far min når ikkje far kjem heim. Eg leikar at nakken til far min er framfor meg i staden for å gråta.

Det har byrja å mørkna og ingen svarar. Det har byrja å bli mørkt og far er ikkje komen heim. Far er ikkje komen og ute spring bror min frå hus til hus. Bror min spring alt han kan med ei loddbok i handa og spør etter far min som ikkje er komen. Eg sit i stolen i stova og ser ut glaset. Eg reiser meg frå stolen og går rundt i stova. Eg går rundt i stova frå glas til glas og ser etter far min. Eg gret ikkje. Eg ser bror min som spring over ekra frå det eine huset til det andre. Bror min spring det han maktar i mørket med den kvite loddboka og alle vekslepengane. Bror min har berre ei side att å fylla. Og eg står i glaset og ser bror min springa der ute i mørket med loddboka si og eg veit han er så redd for mørket og at ikkje far skal koma heim.

Me gret ikkje verken eg eller bror min. Me har ein leik me leikar i staden for å gråta. Bror min spring berre fortare mellom husa med loddboka si. Bror min spring berre fortare og tenner den vesle gule lommelykta si. Bror min spring der ute med loddboka og lommelykta si og eg står i glaset og ser på det vesle lyset i handa til bror min som går opp og ned. Bror min spring der ute og er så redd for stega sine og han spring det han greier i lyset frå den vesle gule lommelykta. Bror min spring mellom husa med lommelykta si og veit ikkje om far kjem. Eg veit ikkje at far ikkje kjem heim. Eg veit ikkje anna enn at nakken til far min er sterk og at far er flink til å køyra den raude volvoen. Den raude volvoen syng songar etter vegen og eg legg panna innåt framsetet og kjenner den kvalme lukta frå setetrekket. Eg kjenner den kvalme lukta frå setetrekket og veit eg er trygg. Eg veit eg er trygg sjølv om setet til mor er tomt. Eg veit eg er trygg sjølv om mor ikkje er med i bilen. Eg er trygg i den raude volvoen til far. Eg er trygg, tenkjer eg og ser på den smale stripa av kvit fugleskit nedetter glasruta.

Eg veit at bror min hugsar leiken. Eg veit at bror min kan springa fort sjølv om augo hans er att. Eg veit at bror min eigentleg ikkje ser lyset frå lommelykta. Bror min spring der ute i mørket med augo att og eg står i glaset og skjønar at bror min har byrja leiken han òg. At bror min òg har byrja leika. Bror min leikar leiken det beste han kan og har berre ei side att å fylla. Berre ei side har bror min att. Snart kan bror min koma inn. Snart kjem bror min inn igjen og då kan me leika leiken i lag. Då kan leiken byrja for alvor.

(utdrag)

© Inger Bråtveit
E-post: jerven78@hotmail.com