Nyheter

Om SIT

1910-2022:

Medlemmer
Verv
Teateraktivitet
Video, lyd, tekst
Revyhistorie
Visehefter
Indre liv

Om nettsidene

Kontakt oss



UKA-11, Supperevyen - Naar vi døde vaagner VIII (2011)

Supperevyen er ein fast UKEtradisjon satt saman av gode, gamle skodespelarar og revynummer. Den første revyen fekk namnet «Naar vi døde vaagner», og sidan har den gått under same namn. Årets revy er den åttande i rekkja og går sjølvsagt under namnet «Naar vi døde vaagner VIII». Supperevyen føregår i Edgar Café og handlar ikkje berre om suppe slik namnet tilseier. Namnet kan med fordel beskrivast på to måtar: den eine er at det er ei «suppe» av gamle revyar, den andre at ein får servert ein tallerken med suppe før førestillinga startar. For å ha god tid til å nyte ein suppetallerken kan ein med fordel møte opp ein halvtime før revyen startar.

«Når vi døde vaagner VIII» er revynostalgi på sitt beste. Revyen opnar med eit kraftig songnummer, og du forstår fort at det er erfarne skodespelarar som står på scena. Med overtydande innleving og gode songrøyster med enkelt pianokomp attåt, tek dei oss gjennom alt frå hardbanka trønderjenter som seier «snusen e god te tusen», til psykisk ustabile personar som må gå til krisepsykiatrikar. Dei nyttar enkel scenografi og få kulissar, noko som kunne vore katastrofalt, men grunna den litle scena og den høge energien som gjennomstrålar revyen, blir det ein suksess. Årets supperevy skiljer seg klart frå årets UKErevy: med enklare innhald, gode, gamle skodespelarar og liten scene blir det eit friskt pust i ein ellers så travel kvardag. Utan problem fangar dei både unge og gamle med hysterisk morosame songar og ablegøyar, og viser at UKA ikkje berre handlar om fest, konsertar og andre store hendingar.

Størstedelen av revyen består av songnummer, noko som lett kunne fått den til å framstå som einsidig, men i dette tilfellet derimot viser supperevygjengen oss korleis ein god gammeldags revy skal vere. «Når vi døde vaagner VIII» er ein sjarmerande og koseleg revy som enkelt fengjer publikum i alle aldrar, så dersom du traktar etter ein formiddag med lett underhaldning og god suppe er dette verkeleg verdt eit besøk.

Publikums reaksjoner:
Takk for sist og en flott Ukekavalkade som både jeg, festkomiteene for Kjemi og Fellesarrangementet og de enkelte jubilanter med ledsagere satte veldig stor pris på!
Dagfinn Skjerden

Bravo! Jeg koste meg! Veldig mye bra! Dere var så flinke!
På tide jeg fikk med meg dette... ga mersmak - 2 år til neste gang da....
Barbro

Supperevyen på søndag var en ”høydare”. Vi koset oss alle ”glugg i hjel”. Tusen takk for en perfekt avrunding av festlighetene i forbindelse med 50-årsjubileet. Samstemmighet blant ”maskinistene.” Vi kommer tilbake i 2013.
Asbjørn Aune


Galleri:

Fakta:
UKA-11, Supperevyen - Naar vi døde vaagner VIII
SIT
Framført: Høst 2011
Lokale: Edgar
Revykavalkade
Instruktør:
Ellen Karoline Gjervan

Lydsnopp:
Aleksander Morland
Øyvind Kjeldstad

Lyssnopp:
Erling Kjelstrup
Åsmund Elgvasslien

Lyssnupp:
Silje Vestues

Musikk:
Jørgen Hals - arr
Lars Jakob Furunes - piano
Sunniva Hovde - trekkspill

Skuespiller:
Arild Haugen
Ellen Karoline Gjervan
Ingrid Elisabet Kummeneje
Karen Aukrust
Sigmund Østtveit Størset
Silje Aurora Løkken
Trond Toftevaag
Truls Gjestland
Øyvind Dalen Sørbøl

Suppedirektør:
Ane Wennevold
Mari Jarstein

Suppesnupp:
Aleksander Lyngstadås
Bettina C. Tykesson
Eivind Haugland
Ingrid Lund
Mari Raunsgard
Marthe Gjestland


Webansvarlige:
sit-web (a) samfundet.no
og Idar Lind

Rediger


Finner du feil eller mangler? Har du gode ideer? Kontakt de ansvarlige!