| Tilbake til startsida | ||
Å ta seg sjølv på fangetHausten hugsar eg, kor eg heldt av å gå i mørkret. Med far min. Mi hand i hans. Stor er han og varm, hugsar eg, og at det er bekmørkt, for dette er milelangt frå tettstader og gatelykter. Men eg går på, eg vågar kva det skal vere der eg høyrer far puste i motbakken. Det er som om det berre er oss to i heile verda. Ja, og mørkret. Det er allstad, det er uendeleg og rommar alt. Dette siste oppdagar eg etter kvart som vi går. Eg kjenner det på væta frå graset kring føtene. Og på lukta frå fjorden som vi nett har forlate. Usynleg no, men den er der, rett bak oss, i den mest umerkande angen av tare og båtar med tjøre, eg kjenner det der eg gir meg i veg i mørkret og alt det gøymer.Som vaksen kjenner eg dette når eg skriv. Eg gir meg ut i mørkret, mitt eige mørker med angar av kaprifolium og sjø. Eg veit at det er noko å hente, eg må berre gjere som då eg var lita, stige uti det, leite fram spørsmål og svar. Det eg ikkje fattar er uendeleg, men eg prøver likevel, eg går på. Ved hjelp av forteljingane mine vågar eg meg utpå, fantaserer og fablar for å gjere det som er umedvite, det som knapt kan sansast, men likevel er der, om til eit skrive medvit. Sommaren - eit år kjem den med sorga til systrene mine. Dei er jamgamle, systrene mine, tvillingar er dei, heilt like der dei står og klamrar seg til kvarandre og græt. Kvifor dei græt, veit eg ikkje. Eller eg veit ikkje at eg ikkje veit det. For nett når dei græt, trur eg at nokon har gitt dei ein dask, ein øyrefik rett og slett. Kva anna er det å gråte for når ein ikkje er forlaten og eller har dotte og slege seg? Dotte har dei i alle fall ikkje, det ser eg, for dei har kvite, heile sokkar, blanke sko og kåper med band på. Maifine er dei, søndagspynta, men far vår, som er den som skal gå tur med oss når vi er så fine, er der ikkje. Og tvillingane græt, for mor er der heller ikkje, berre framande, mange framande. Til meg seier dei ingen ting, og ikkje spør eg, eg har nok med å halde auge med systrene mine, og eg likar meg ikkje. Alltid vil eg hugse det, kor dei held kvarandre, kor ulykkelege dei er, dei snille systrene mine, og kor uroleg eg sjølv er når eg ser dei stå slik og klamre seg til kvarandre. Den dag i dag ser eg dei for meg. Men mest av alt kjenner eg det. Sorga til systrene mine og mi eiga uro - framleis har eg den i meg når eg famlar meg fram i forteljingane mine, sjølv om eg no veit kva som hende denne dagen. Eg har for lengst spurt systrene mine kvifor dei var så ifrå seg i maistasen sin, og dei har sagt at dette var bestefars gravferd. Ingen hadde slege dei. Nei, bevares! Korleis kunne eg tru noko slikt? Og til det måtte eg, lenge etterpå, svare at eg i den tid trudde at dei hadde same grunn som eg til å gråte, og det var når eg datt, eller når eg fekk meg ein dask for å halde meg unna eitkvart. Eg hadde berre røynslene frå mitt eige vesle liv til å skjønne dei store systrene mine, og så langt rakk det! Først som vaksen forstår eg dette. Først no ser eg kvar dei kognitive grensene mine gjekk den tid, og kvifor dei gjekk nett der. Somt kunne eg jo ikkje klare å fatte som barn. Somt ville ikkje dei vaksne snakke om, naturleg nok. Men somt kunne eg ikkje finne ut av fordi eg som barn ikkje visste kva eg skulle spørje om. Eg kunne berre kjenne at noko var gale, og at eg stod aldeles utanfor. Det er denne innsikta om eigne grenser eg stør meg til når eg vender meg til unge lesarar. Det er i møtet mellom det eg minnest å oppfatte den tid og det eg maktar å skjønne nett no, eg sit og skriv. Barnlege inntrykk blir fanga opp og utforska av vaksne tankar. Slik set eg ord på det som eg ikkje før hadde ord for, slik borar eg meg inn i det usnakka. Det blir vår og Besta kjem til oss, ho skal bu hjå oss heretter. Minnet om Besta er såleis ikkje ei særskilt hending, det er ikkje eit opptrinn eller ei scene slik ein seier når ein skriv. Minnet om Besta er minnet om ein tilstand, og den er slik: Eg sit med Besta, eg har mi hand i hennar. Ho klemmer den, ikkje fast, for ho rører på handa si, og mi, i ein voggetakt. Eg er så nær Besta som eg kan komme, nærare henne enn dei andre som er rundt oss, systrene mine, mor og far. Ja, og syskenbarn, tanter, onklar og kjenningar, det er alltid mange av dei, dei er på vitjing hjå oss som bur nær sjukehus, butikkar og kontor der dei har livsviktige ærend. Vi to, Besta og eg, sit for oss sjølve. Ho er gammal, eg er lita, alt vi har å gjere er ikkje å gå i vegen, så vi berre sit. Eg mens eg ser, høyrer og spør. Ho mens ho svarer, forklarer eller seier til meg at nett det, eller det, skal eg ikkje bry meg om. - Ikkje ens det! seier ho og vel med det ein del av inntrykka bort. Det som var ubetydeleg, eller uforståleg for meg, vil eg tru i dag.
|
||
Les vidare!
|
||