Tilbake til startsida


"Å skrive om det som vaksne ikkje tar seg tid til, eller rett og slett ikkje orkar å snakke til barn om, er viktig for meg."

Erna Osland i samtale med Per Olav Kaldestad. Trykt i "Årboka - Litteratur for barn og unge - 2003

Erna Osland er blant våre fremste og mest produktive barne- og ungdomsbokforfattarar. Ho er òg ein moderne forfattar som med ein sjeldan konsekvens har sett den unge lesaren som ei kunstnarleg utfordring; ho har utelukkande skrive barne- og ungdomsbøker. Eit særmerke ved denne forfattarskapen er ei stor evne til å gi ulike aktuelle problemområde ei skjønnlitterær gestalting. Det er ikkje tvil om at bøkene hennar er både historisk forankra og samtidsengasjert dikting, og slik kallar dei fram det gamle spørsmålet om kunst eller pedagogikk i litteraturen - eit spørsmål som det siste året har blitt gjenreist i debatten om barnelitteratur.

POK: Når du skriv barne- eller ungdomsbøker, tenkjer du då at du lagar kunst for barn eller har du eit meir pedagogisk prosjekt, å formidla ei innsikt eller ein bodskap?

EO: Eg set meg ikkje ned framfor skrivemaskinen og tenkjer at no skal eg skrive litt kunst eller noko i den dur. Men når du no spør meg ... det får vise seg om det er det, tenkjer eg. Det er jo klart det er det ein strekkjer seg etter, eg vil gjerne gi barn dei leseopplevingane eg sjølv hadde. Eg tenkjer meg at eg har lært å lese på to forskjellige tidspunkt, for å seie det slik. Først lærde eg å kjenne igjen ord, og det var ei enorm oppleving å kunne avkode skriftteikna. Men så lærde eg seinare at når du avkodar ord for ord og dei står i eit visst system, så kjem det meir ut av det enn det som står der. Og det er jo det eg vil i skrivinga mi: Eg vil at det skal komme meir ut av det - anten du kallar det ein rest eller eit overskot. Eg strevar mot det. For viss eg ikkje hadde strevd mot det, så kunne eg like godt ha halde fram med å berre undervise.

Eg forheld meg til barn gjennom skrivinga mi liksom eg gjorde det som lærar. Og eg ser på skrivinga som ei forlenging av det eg gjorde då eg underviste - men det er kanskje farleg å seie det, det kan lett oppfattast som at eg først og fremst tenkjer pedagogisk, og at tekstane mine ikkje har ei kraft i seg som går ut over dette. For meg står ikkje det pedagogiske nødvendigvis i motsetning til det kunstnarlege. All kunst har orden og form, som pedagogikken. Og ein god pedagog teier, meiner eg, der kunstnaren gjer det. Men det er klart: eg er oppteken av kommunikasjon. Eg veit at teksten min - slik er det vel med alle tekstar? - må ha ein lesar for å bli tekst og ikkje berre skrift. Lesaren leitar etter spor i skrifta, etter orden og form, etter meining.

Mine lesarar er barn som leitar, unge menneske med dei erfaringar slike har, og eg veit at dei skal tolke tekst ved hjelp av det dei er nett no, det dei har lese hittil, det dei har opplevd hittil. Og den nye teksten skal gi dei nye erfaringar, ny kunnskap, til å gå laus på nye tekstar - og ikkje minst den verkeleg store teksten, livet deira, samfunnet rundt dei. Å leve og å lese er same manøver, synest eg, og derfor var eg vel helst ein leselærar. Eg prøvde å få elevane mine til å lese skjønnlitteratur fordi det å lese skjønnlitteratur er ei heilt spesiell form for erkjenning, du lærer noko nytt med både hovud og hjarte. Du må leve deg inn i ei forteljing, setje eigne kjensler og ressursar inn i møtet med det nye, det andre, dei andre. Du må vere deg sjølv og samtidig den du les om. Skrift fører til innsikt om deg sjølv og andre, den hjelper deg til å finne fram i tilværet. Å få barn til å oppdage dette var det som verkeleg var moro som lærarar. Pedagogar vart dei kalla, dei slavane som i oldtida leidde barnet frå heimen til skolen, og eg var vel ein ganske gammaldags lærar - med eit religiøst forhold til litteratur. Skjønnlitterær skrift fører deg til livet!

POK: Du har vore oppteken av historiske tema i mange av bøkene dine. Alt den fyrste boka, Natteramnen, viser ei interesse for å grava seg tilbake i historia. Og den nyaste boka, Rid i natt, er jo ein historisk roman. Er det formidlaren i deg som er drivkrafta her, ønskjer du å skapa eit historisk medvit hos dei unge lesarane dine?

EO: Når du spør slik, har eg fleire svar. Det eine er at eg sjølv har studert historie og synest det er viktig å vite noko om korleis ting var før. Og så har det noko å gjere med forteljinga; når du arbeider med forteljinga, arbeider du med strekk av tid, den skaper rom for å sjå saker og ting over tid, sjå samanhengar.

I Rid i natt er ikkje det primære å kunne fortelje om den historiske tida, det er heller å prøve ut kva historie verkeleg er. Det som hender i denne forteljarens verd, er fantasi. Men er det mindre sant for det? Eg vil at lesaren min skal spørje seg om dette.

POK: Det er vel likevel ein viss fascinasjon for 1700-talet som får deg til å laga ei forteljing som Rid i natt?


Les vidare!