Arnt Birkedal

11.02.1959
HAFRSFJORD

post@arntbirkedal.no 
arntbirkedal.no/  

Informasjon i katalogen



Presentasjon:


Og jentå øve gadå
har hytta bag ein skog og bag et fjell.
Gror kantarell.
Med stien står ein hest hu må forbi.
På trappå står et norgesglass
med merr enn tretten humler i.

Norgesglass (13 humler)

Arnt Birkedal er fødd 1959 i Stavanger, der han òg bur. Han er utdanna adjunkt og jobba i 15 år i grunnskulen på alle trinn. Sidan 1998 har han vore forfattar på heiltid. Debuterte som forfattar i 1983 med diktsamlinga "Balladen om hålet i dørå". Og skreiv to bøker til på Stavangerdialekt før han byrja å skriva nynorsk. Den første ungdomsboka, "Draumar og dynejakker", ei diktsamling, kom i 1989. Han har sidan veksla mellom å skriva b/u-bøker og vaksenbøker, lyrikk og prosa. Våren 2003 har han skrive til saman 17 titlar.
Han er representert i ei rekke antologiar.
Stikkord for forfattarskapen: Kjærleik. Musikk - han har mellom anna gjendikta britiske rocketekstar i titlar som "Tenk deg" (John Lennon), "Brua før Widecombe" og "To veker sist sommar" (britisk folkrock). Draum og mytar går att. Men det ein nok finn mest av i bøkene er det nære, det kvardagslige, sett med "nye auge".
Ved sida av bøkene har han skrive ein heil del songtekstar, for grupper somVamp og Ryfylke Visegruppe. Blant desse: Ost, Hynsahus, Sirkus av lys, Ekorn over veien, Vie dagen min te solå og 13 humler.
Han har halde skrivekurs for unge og vaksne.
Er medlem av DnF og NBU. Sit p.t. i NBUs litterære råd.
For meir informasjon, sjå: heimeside.