Norrn mytologi fr A til
• Artiklar
• A -
Om skrift.no

Artiklar om norrøn mytologi og beslekta emne. Flg oppdateringar p Facebook.


17.06.2013 · Oppdatert 18.07.2013:

Norrøn mytologi : Ragnarok (Ragnarǫk)

Om dei mytologiske referansane i Håkon og Kark. (Tekst Idar Lind, musikk Frode Fjellheim.) (korsvikaspillet.no)

Økstid, sverdtid
Skjold bli splintra
Vindtid, vargtid
Skjold bli splintra
Økstid, sverdtid
Sola svartne
Røyken velte
elden sleike


Den dystre teksten frå Håkon og Kark er lagt i munnen på volva Liva og er bygd på vers frå Voluspå (Vǫluspá). Edda-diktet skildrar verdshistoria frå skapinga til undergangen Ragnarok (Ragnarǫk) og også korleis den nye verda stig fram. Den versjonen av Ragnarok som Snorre gir i Gylvaginning (Gylfaginning), viser for ein stor del til Voluspå. Ei anna viktig kjelde er Vavtrudnesmål (Vafrúnismál) der verda blir skildra av jotunen Vavtrudne (Vafrúnir).

Ordet Ragnarǫk kan komma frå regin, rådsmakter, æser og rǫk, lagnad, ende, eller den siste stavinga kan vera røkkr, mørkring.

Før Ragnarok blir det tre vintrar med strid, bror mot bror og far mot son. Så kjem Fimbulvinteren (Fimbulvetr) som er tre samanhengane, harde vintrar. Vavtrudne fortel at menneska Liv (Líf) og Livtrase (Lífrasir) overlever Fimbulvinteren fordi dei gøymer seg i skogen Hoddmimes holt (Hoddmímisholt). Her lever dei av morgondogg.

Ragnarok blir varsla på ulike vis. Ulven Garm (Garmr) gøyr ved Gnipahellar (Gnipahellir) der inngangen til dødsriket Hel (Hel) er. Tre hanar gjel, det er Fjalar (Fjalarr) i skogen Jarnved (Járnvir), Gullinkambe (Gullinkambi) hos æsene og ein sótraud hane i Hel.

I starten av sjølve Ragnarok sluker ulven Skoll (Skǫll) åsynja Sol (Sól). Ein annan ulv, Månegarm (Mánagarmr), sluker broren til Sol, Måne (Máni), og stjernene blir borte frå himmelen.

Skipet Naglfar (Naglfar, Naglfari) kjem seglande med vonde makter om bord og Loke (Loki) og jotunen Rym (Hrymr) ved roret. Under leiing av jotunen Surt (Surtr) kjem Muspells søner (Muspellssynir) ridande og øydelegg regnbogebrua Bivrost (Bifrǫst). Dei møter æsene (æsir) på sletta Vigrid (Vígrír) (som kan liggje på holmen Oskopne (Óskópnir), eller dette kan vera to namn på same stad). Dit kjem også Fenrisulven (Fenrisulfr) og Midgardsormen (Migarsormr), og Loke og Rym med alle Rimtussane (hrímursar) og alle frå Hel.

Heimdall (Heimdallr) vekkjer dei andre æsene med Gjallarhornet (Gjallarhorn). Odin (Óinn) rir til Mimesbrønnen (Mímisbrunnr) og spør Mime (Mímir) til råds. Da skjelv Yggdrasil (Yggdrasill). Æsene og dei som har døydd i kamp, einherjane (einherjar) går til strid. Surt drep Frøy (Freyr). Krigsguden Ty (Týr) og hunden Garm drep kvarandre. Tor (ór)  feller Midgardsormen, men døyr sjølv av ormegifta. Fenrisulven svelgjer Odin, som døyr. Vidar (Víarr) feller Fenrisulven. Heimdall og Loke slåss mot kvarandre, og begge fell. Surt kastar eld ut over verda, som brenn opp.

Før Ragnarok har Sol fått ei dotter som no tek hennes plass på himmelen. Av æsene overlever Odins søner Vidar og Våle (Váli), som slår seg ned på Idavollen (Iavǫllr), der Åsgard (Ásgarr) låg før Ragnarok. Hit kjem også Tors søner Mode (Mói) og Magne (Magni) med hammaren Mjollne (Mjǫllnir). Frå dødsriket Hel kjem dei døde æsene Balder (Baldr) og Hod (Hǫr). Også Høne (Hænir) overlever. Av menneska er berre Liv og Livtrase tilbake. Frå desse to kjem ei ny og talrik menneskeslekt. Hallane Gimle (Gimlé), Brime (Brimir) og Sindre (Sindri) står igjen etter Ragnarok. I Gylvaginning seier Snorre at her skal dei gode og sedelege bu, mens dei vonde skal leva på Nåstrendene (Nástrǫnd) og i brønnen Kvergjelme (Hvergelmir). Tolkinga til Snorre er trulig resultatet av kristen påverknad.

Aktuelle Edda-tekstar på fleire språk (nettstaden Heimskringla):

Vǫluspá
Vafrúnismál
Grímnismál
Lokasenna
Hyndluljó
Fáfnismál
Gylfaginning



Illustrasjon verst p sida og Odin-vignett:
Gerhard Munthe.

Logg inn

© Idar Lind (ansvarlig)