Norrøn mytologi frå A til Å
• Artiklar
• A - Å
Om skrift.no

Artiklar om norrøn mytologi og beslekta emne. Følg oppdateringar på Facebook.


24.05.2013 · Oppdatert 26.05.2013:

Norrøn mytologi : Volver

Om dei mytologiske referansane i Håkon og Kark. (Tekst Idar Lind, musikk Frode Fjellheim.) (korsvikaspillet.no)


Volvene var kvinner som meistra trolldoms- og spådomskunst. Ifølgje Edda-diktet Hyndleljod (Hyndluljóð) stammar alle volver frå Vidolv (Viðólfr). Ordet volve (vǫlva, fleirtal vǫlur) kjem trulig frå vǫlr (‘rund stav’).

Edda-diktet Voluspå (Vǫluspá, ‘volvas spådom’) er lagt i munnen på ei volve. Ho fortel historia frå verda blir skapt og til undergangen, Ragnarok (Ragnarǫk). Etter dette kjem ei ny jord og ein ny himmel. Fagfolk er ikkje einige om den siste delen av diktet er tradisjonell norrøn tru, eller påverknad frå kristen tenking. Voluspå er eitt av dei tre viktigaste dikta med overlevert kunnskap om norrøn mytologi, i lag med Vavtrudnesmål og Grimnesmål. Voluspå blir rekna som det yngste av desse, truleg laga seint på 900-talet. Professor Gro Steinsland viser i boka Voluspå (1999) at diktet kan ha blitt laga av ein skald hos ladejarlane i Nidaros, men utan å ta endeleg stilling til teorien.

Voluspå

Voluspå nemner volva Heid (Heiðr):

Dei Heid ho kalla,
der til husar ho kom,   
spåvise volva.
Vakte ho gandar,
med seid fór ho stødt,
seida med ihug,
uneleg alltid
for illkyndt kvende.

Teksten viser til gand (gandr, ‘kjepp’) og seid (seiðr). Gand var ein stav brukt til trolldom, men ordet er òg brukt om sjølve trolldommen. Seid er trolldom, gjerne med song. Seid er oftast knytt til volver. Menn som dreiv med seid, vart skylda for at dei var kvinnelege. I Hyndleljod fortel gygra Hyndla (Hyndla) at Svarthovde (Svarthǫfði) er stamfar til alle seidmenn. I Ynglingesoga fortel Snorre at Frøya (Freyja) lærte æsene (æsir, eintal áss) seid, som var skikk hos vanene (vanir, eintal vanr), og at Odin (Óðinn) vart ein meister i seidkunsten.

Balders draumar

Balders draumar, også kalla Vegtamskvadet (Baldrs draumar, Vegtamskviða) er eit seint gudedikt, kanskje frå 1100-talet, som ofte blir tatt med i utgåver av Den eldre Edda. Kvadet fortel om Odin som reiser til Nivlhel (Niflhel)  for å finne forklåringa på korfor Balder (Baldr) har så dystre draumar. Her vekkjer han ei daud volve og kallar seg sjølv Vegtam (Vegtamr). Volva fortel om det som skal hende når Balder døyr.

Grogalder

Grogalder (Grógaldr) er eit heltedikt som ofte blir tatt med i utgåver av Den eldre Edda. Svipdag (Svipdagr) vil ha Menglad (Menglǫð). Han vekkjer den daude mora si, volva Groa (Gróa), for at ho skal galdre over han før avreisa, altså synge trolldomssong. Handlinga held fram i Fjolsvinnsmål (Fjǫlsvinnsmál), og desse to kvada blir oftast presentert samla under namnet Svipdagsmål (Svipdagsmál).

I Skaldskaparmål (Skáldskaparmál) fortel Snorre korleis Groa ein gong prøvde å fjerne ein bit av ein brynestein frå panna til Tor (Þór) etter kampen mot jotunen Rungne (Hrungnir).

Soga om Eirik Raude

Soga om Eirik Raude skildrar volva Torbjørg (Þorbjǫrg) som seidar. Framstillinga har parallellar i sjamanisme vi kjenner frå vår tid. Som i fleire andre sagaer sit volva på ein plattform, ein seidhjell (seiðhjallr), når ho seidar. Torbjørg treng hjelp frå nokon som kan synge det gamle trolldomskvadet Vardloker (Varðlokur), og ei kvinne på garden blir med på dette, trass i at ho er kristen. Dette kvadet lokkar fram mange vette som hadde vendt seg bort frå folket som budde på staden.

Aktuelle norrøne tekstar på fleire språk (nettstaden Heimskringla):

Vǫluspá (vers 24 i den nynorske versjonen)
Hyndluljóð (vers 33 i den nynorske versjonen)
Ynglinga saga
Baldrs draumar
Grógaldr

Skáldskaparmál
Eiríks saga rauða (kapittel 4)

Sitatet frå Voluspå er omsett av Ivar Mortensson-Egnund.
Volva på fotoet er Ingrid Kummeneje som Liva i Håkon og Kark.



Illustrasjon øverst på sida og Odin-vignett:
Gerhard Munthe.

Logg inn

© Idar Lind (ansvarlig)