Norrøn mytologi frå A til Å
• Artiklar
• A - Å
Om skrift.no

Artiklar om norrøn mytologi og beslekta emne. Følg oppdateringar på Facebook.


15.05.2013 · Oppdatert 21.05.2013:

Norrøn mytologi : Bønder

Om dei mytologiske referansane i Håkon og Kark. (Tekst Idar Lind, musikk Frode Fjellheim.) (korsvikaspillet.no)


Tre slekter i manne-ætta
Den andre av desse bonden

Han tamde oksar
gjorde ardar
tømra stover
bygde løer
smidde kjerrer
køyrde plog

Verset frå opninga av Håkon og Kark bygger på Edda-diktet Rigstula (Rígsþula). Teksten fortel om korleis guden Heimdall under namnet Rig vart stamfar til dei ulike samfunnsgruppene, stendene i det norrøne samfunnet. Bøndene var den mellomste av stendene, dei to andre var trælane og jarlane.

Rigstula fortel at Amma var gift med Ave. Med Amma fekk Rig sonen Karl, som vart gift med Snor. Dei fekk sønene Hal, Dreng, Hold, Tegn, Smed, Breide, Bonde, Bundinskjegge, Bue, Bodde, Brattskjegg og Segg og døtrene Snot, Brur, Svanne, Svarre, Sprakke, Fljod, Sprund, Viv, Feima og Ristil. Frå desse kjem alle bønder.

Tolking av namna er vanskeleg, men somme representerer posisjonar i samfunnet eller familien (Amma‘bestemor’; Afi, ‘bestefar’; Boddi, ‘bonde’; Bóndi, ‘bonde, fri mann’; Búi, ‘bonde; granne; innbyggjar’; Drengr, ‘ung mann, dreng, lauskar’; Halr, ‘mann; menneske; herre’; Hǫldr, ‘mann; odelsbonde; friboren bonde’; Karl, ‘mann; bonde; undersått’; Smiðr, ‘handverkar, smed’; Þegn, ‘mann; fri mann i teneste hos høvding; tenar; undersått’; Brúðr, ‘kvinne, kone, brur’; Fljóð, ‘kvinne; viv’; Ristill, ‘gjæv kvinne’; Snør/Snor, ‘sonekone’; Víf, ‘viv, kvinne, kone’).

Andre namn er meir generelle eller skildrande (Brattskeggr, ‘med bratt skjegg’; Bundinskeggi, kanskje ‘ein med fletta skjegg’; Seggr, ‘mann’; Breiðr, ‘vid, stor’; Feima, ‘ung, blyg jente’; Snót, Sprakki, Sprund og Svanni, ‘kvinne’; Svarri, ‘stolt kvinne’).

Aktuell Edda-tekst på fleire språk (nettstaden Heimskringla):

Rígsþula (vers 14-25 i den nynorske versjonen)



Illustrasjon øverst på sida og Odin-vignett:
Gerhard Munthe.

Logg inn

© Idar Lind (ansvarlig)