Norrøn mytologi frå A til Å
• Artiklar
• A - Å
Om skrift.no

Artiklar om norrøn mytologi og beslekta emne. Følg oppdateringar på Facebook.


13.05.2013 · Oppdatert 26.05.2013:

Norrøn mytologi : Norner (nornir)

Om dei mytologiske referansane i Håkon og Kark. (Tekst Idar Lind, musikk Frode Fjellheim.) (korsvikaspillet.no)


Derfrå kjem møyar
mangt vitande
tre møyar saman
frå sal under asken
Urd var den eine
den andre Verdande
Runestokk skar dei
Skuld var den tredje
Dei lov laga
dei liv forma
For manneætta
dei lagnad vev


Verset frå opninga av Håkon og Kark bygger på Edda-diktet Voluspå (Vǫluspá, ´volvas spådom´). Møyane er norner og asken er verdstreet Yggdrasil.

Nornene er kvinnelege vesen som kjem til kvart menneske som blir fødd, og avgjer kva slags liv det får. Den lagnaden som nornene bestemmer, kan ingen unngå. Det er tre slag norner: dei som er av slekta til alvane, dei som er av slekta til dvergane, og dei som er av slekta til æsene. I ei særstilling står Urd, Verdande og Skuld, som bur i ein hall ved Urdarbrønnen under Yggdrasil.

I Det første kvadet om Helge Hundingsbane blir det fortalt om norner som spinn lagnadstrådar, men dette kan vera inspirert av klassisk europeisk mytologi, og treng ikkje vera tradisjonell norrøn tru. Hos Snorre heiter det at gode norner gir ein god lagnad, vonde norner gir vanlagnad, ei tolking som truleg er farga av kristen tenking.

Aktuelle norrøne tekstar på fleire språk (nettstaden Heimskringla):

Vǫluspá (vers 20 i den nynorske versjonen)
Fáfnismál (vers 11-13 i den nynorske versjonen)
Helgakviða Hundingsbana hin fyrri (vers 2 i den nynorske versjonen)
Gylfaginning (kapittel 14-15 og 35 i den danske versjonen til Finnur Jónsson)
Vǫlsunga saga
Norna-Gests þáttr




Illustrasjon øverst på sida og Odin-vignett:
Gerhard Munthe.

Logg inn

© Idar Lind (ansvarlig)