Artiklar
Norrøn
   mytologi

Skribentar
Heimesider
Forfatteren
Studentteater
Supermaria
Om skrift.no
Idar Lind · (f. 23.9.1954) ·
Heimeside: lind.no · E-post: idar@lind.no · Vis kva Idar skriv om Idar ·

Artikkel 6-10 av 14 · <<< Vis artikkel 1-5 · Vis artikkel 11-14 >>> (Viser inntil 5 artiklar. Endre til: 10)


29.08.2010 (Kronikk i Adresseavisen 28.8.2010):

Idar Lind : Håkon og Kark i motvind

Å lage friluftsspel i Trondheim er risikosport. Pålandsvind og horisontalt regn frå fjorden treng ikkje vera det største problemet, arrangørane må også takle media, sponsorar og politikarar.

Etter 21 år opplevde Korsvikaspillet i 2010 for første gong at ei forestilling måtte avlysast. Generelt gjorde juniklimaet sitt til at færre møtte fram for å sjå ei ... (+++)

26.05.2010:

Idar Lind : Sitatet: Facebook og Twitter

«Facebook og Twitter er avansert sladreteknologi, perfekt designet for språklig og sjelelig inkontinens.»

Marit K. Slotnæs
i Morgenbladet 21.-27. mai 2010





23.04.2010 · Oppdatert 30.04.2010:

Idar Lind : Melodien i en forsommernatt

I 1987, på plata Ludvigsens Hostesaft, song Gustav Lorentzen visa Meg om 100 år:


En oppspist brunost i en tom sekk,
det er meg om 100 år.
En utstoppet grevling, en flekk som er vekk,
det er meg om 100 år.
Det blir solgangsbris på kysten,
fjell og skoger står. ... (+++)

09.03.2010 (Kronikk i Adresseavisen 06.08.2009):

Idar Lind : Olavstein eller Frøyastein?

Adresseavisen har trykt ein serie kronikkar om den såkalla Olavsteinen. Interessant å merke seg er at forfattarane ikkje prøver å påstå at det nokon gong har vore kontakt mellom kong Olav Haraldsson og den konkrete steinen som i 2007 vart ført inn i Stiklestadkyrkja under ein sentralt godkjent prosesjon. Samtidig er det ein tendens til å formulere seg som om dette faktisk var tilfelle. Men kva om eventuelle krefter i steinen har eit heilt anna opphav?

Vi må slå fast at den lutherske norske kyrkja halvvegs har fått seg ein godkjent relikvie. Katolikkane deler leivningane etter helgenane inn i tre kategoriar, der den viktigaste naturlig nok er restar etter ... (+++)

08.03.2010 (Magasinett 1998):

Idar Lind : Rompa mi

I 1996 vart det gitt ut ei plate som for alltid skulle øydelegge mitt gode rykte som forfattar av songtekstar. Eg tenker sjølsagt på gruppa D.D.E., plata «Det går likar no» og songen «Rompa mi».

I åra etterpå har eg opplevd at songen min er blitt rakka ned på i avisene (for eksempel Dagbladet) og at han er blitt parodiert i beste sendetid på NRK1 («Lompa mi» med Øystein Bache og ... (+++)
Ansvarlig :
Idar Lind

Logg inn

© Den namngitte opphavsmannen / The named writer