Artiklar
Norrřn
   mytologi

Skribentar
Heimesider
Forfatteren
Studentteater
Supermaria
Om skrift.no
Artikkel 1-15 av 28 · Vis artikkel 16-28 >>> (Viser inntil 15 artiklar. Endre til: 10 · 20)
05.09.2013:

Idar Lind : Grønt val (av Idar Lind)

Som ung miljøaktivist var eg med på å tape kampen om Alta-vassdraget. Som enda yngre var eg med på å vinne kampen mot atomkraft i Norge. Sigrane var færre enn nederlaga, ikkje minst fordi vi mot oss hadde eit tungt stortingsfleirtal av Arbeidarpartiet og Høgre.



I dei delane av miljørørsla som eg var i kontakt med, oppfatta dei fleste seg som uavhengige av dei etablerte politiske blokkene. Noko anna var unaturlig, sjøl om Høgre hadde sine verdkonservative ... (+++)

19.07.2013:

Norrøn mytologi : Håvamål (Hávamál)

Om dei mytologiske referansane i Håkon og Kark. (Tekst Idar Lind, musikk Frode Fjellheim.) (korsvikaspillet.no)


Sigurd:
Du veit ka det heite: Makta si bør den som har vett, berre bruk med måte.
Bergljot:
Og det veit du lik godt som mæ, Sigurd: Bruk makta må du, om du vil hold fast på ... (+++)

17.06.2013 · Oppdatert 18.07.2013:

Norrøn mytologi : Ragnarok (Ragnarǫk)

Om dei mytologiske referansane i Håkon og Kark. (Tekst Idar Lind, musikk Frode Fjellheim.) (korsvikaspillet.no)

Økstid, sverdtid
Skjold bli splintra
Vindtid, vargtid
Skjold bli splintra
Økstid, sverdtid
Sola svartne
Røyken velte
elden sleike


Den dystre teksten frå Håkon ... (+++)

30.05.2013:

Norrøn mytologi : Torgerd Hølgabrur

Om dei mytologiske referansane i Håkon og Kark. (Tekst Idar Lind, musikk Frode Fjellheim.) (korsvikaspillet.no)


Æ hælse dæ Torgerd Hølgabrur
Æ hælse dæ meir enn all
Æ hælse dæ Irpa Torgerdsøster
Dåkk som har verna Ladeslekta
Verna i tid som har ... (+++)

24.05.2013 · Oppdatert 26.05.2013:

Norrøn mytologi : Volver

Om dei mytologiske referansane i Håkon og Kark. (Tekst Idar Lind, musikk Frode Fjellheim.) (korsvikaspillet.no)


Volvene var kvinner som meistra trolldoms- og spådomskunst. Ifølgje Edda-diktet Hyndleljod (Hyndluljóđ) stammar alle volver frå Vidolv (Viđólfr). Ordet volve ... (+++)

21.05.2013:

Norrøn mytologi : Jarlar

Om dei mytologiske referansane i Håkon og Kark. (Tekst Idar Lind, musikk Frode Fjellheim.) (korsvikaspillet.no)


Tre slekter i manne-ætta
Den tredje av desse jarlen

Han fekk eige
odelsvollar
odelsvollar
utgamle bygder
Ein-eigar vart han
atten gardar


Verset frå opninga av Håkon og ... (+++)

15.05.2013 · Oppdatert 21.05.2013:

Norrøn mytologi : Bønder

Om dei mytologiske referansane i Håkon og Kark. (Tekst Idar Lind, musikk Frode Fjellheim.) (korsvikaspillet.no)


Tre slekter i manne-ætta
Den andre av desse bonden

Han tamde oksar
gjorde ardar
tømra stover
bygde løer
smidde kjerrer
køyrde plog

Verset frå opninga av ... (+++)

13.05.2013 · Oppdatert 21.05.2013:

Norrøn mytologi : Trælar

Om dei mytologiske referansane i Håkon og Kark. (Tekst Idar Lind, musikk Frode Fjellheim.) (korsvikaspillet.no)


Tre slekter i manne-ætta
Den eine av desse trælen

Han laga gjerder
gjødsla åkrar
dreiv fram svin
gjætte geiter
grov opp torv

Verset frå opninga av ... (+++)

13.05.2013 · Oppdatert 26.05.2013:

Norrøn mytologi : Norner (nornir)

Om dei mytologiske referansane i Håkon og Kark. (Tekst Idar Lind, musikk Frode Fjellheim.) (korsvikaspillet.no)


Derfrå kjem møyar
mangt vitande
tre møyar saman
frå sal under asken
Urd var den eine
den andre Verdande
Runestokk skar dei
Skuld var den tredje
Dei lov laga
dei liv ... (+++)

13.05.2013 · Oppdatert 18.07.2013:

Norrøn mytologi : Alfabetisk oversyn A - Å

Ein vegvisar til mytologisidene.


Adal (Ađal), mann
jarlar

alvar (alfar)
(+++)

12.05.2013 · Oppdatert 15.05.2013:

Norrøn mytologi : Yggdrasil (Yggdrasill)

Om dei mytologiske referansane i Håkon og Kark. (Tekst Idar Lind, musikk Frode Fjellheim.) (korsvikaspillet.no)


Ask veit eg står
heiter Yggdrasil
høgt tre, vatna
med kvitande våg
Derfrå kjem dogg
som i dalane fell
Han står alltid ... (+++)

11.05.2013 · Oppdatert 15.05.2013:

Norrøn mytologi : Yme (Ymir)

Om dei mytologiske referansane i Håkon og Kark. (Tekst Idar Lind, musikk Frode Fjellheim.) (korsvikaspillet.no)


Av kjøtet til Yme
vart jorda skapt
berg det vart av beina
himmel av den rimkalde
jotun-hausen
av blodet bårut sjø

Verset som opnar Håkon ... (+++)

11.05.2013 (Først publisert på nettstaden magasinett.no, 1997) · Oppdatert 13.05.2013:

Idar Lind : Soga om Tormod Kark

Denne artikkelen vart skrive mellom den første oppføringa av Håkon og Kark (Korsvikaspillet) i 1995 og publiseringa av romanen «Kark» (Det Norske Samlaget 2000).


Eg skulle gjerne ha snakka med Kark, mannen som Christian Krohg teikna to gongar til Snorre Sturlussons kongesoger. På den eine teikninga står Kark med spade over aksla, klar til å greva holet der han og ... (+++)

05.12.2012 (Kronikk i Adresseavisen 6.12.2012):

Idar Lind : Litteraturhus i Trondheim

Det er mange grunnar til å etablere eit sjølstendig litteraturhus i Trondheim, her er tre: 1) Gi publikum eit tilbod som er eit supplement til det eksisterande, ikkje ein konkurrent. 2) Styrke og utvikle det litterære miljøet i regionen. 3) Generere nye inntekter innafor kulturnæringa litteratur.


I debatten er det skapt inntrykk av at andre aktørar allereie fyller den rolla som er tiltenkt det planlagde litteraturhuset. Dette er ei grunnleggande misforståing på mange nivå. Kort oppsummert: Dei ... (+++)

08.05.2012 (Kronikk i Adresseavisen 9.5.2012):

Idar Lind : Hans Rotmo, «de» og «vi»

Da karikaturen Stutum dukka opp i NRK i 1972, var det som ein parodi på dei fordomsfulle haldningane som året etter fekk sitt eige parti. Ti år seinare slo humorgruppa Banana Airlines gjennom med songar på gebrokkent innvandrarnorsk. Mange har undra seg over at Hans Rotmo no står fram som ei krysning av desse to fenomena. Det gjer ikkje eg.



Eg har følgd karrieren til Hans Rotmo sia hausten 1973, da Vømmøl-universet dukka opp i norsk radio. Eit par år etter hadde vi den første ... (+++)

Ansvarlig :
Idar Lind

Logg inn

© Den namngitte opphavsmannen / The named writer