Artiklar
Norrųn
   mytologi

Skribentar
Heimesider
Forfatteren
Studentteater
Supermaria
Om skrift.no

30.05.2013:

Norrøn mytologi : Torgerd Hølgabrur

Om dei mytologiske referansane i Håkon og Kark. (Tekst Idar Lind, musikk Frode Fjellheim.) (korsvikaspillet.no)


Æ hælse dæ Torgerd Hølgabrur
Æ hælse dæ meir enn all
Æ hælse dæ Irpa Torgerdsøster
Dåkk som har verna Ladeslekta
Verna i tid som har gått
Verna i tid som e
Ska vern i tid som ska kom

(Håkon Ladejarl i «Håkon og Kark»)

Torgerd Hølgabrur (Žorgeršr Hǫlgabrúšr) var ei gudinne som skal ha stått i hòvet til Håkon Ladejarl, i lag med søstera Irpa (Irpa) og guden Tor (Žor).

Kanskje kan det dreie seg om dyrking av stammødrene til ætta. Ladejarlane kom frå Helgeland, som ifølgje segnene var kalla opp etter Holge (Hǫlgi). I Skaldskaparmål (Skáldskaparmál) fortel Snorre at Torgerd var dotter av Holge og at det vart blota til begge som om dei var gudar. Ei vernegudinne for ei ætt blir kalla ættarfylgje (ættarfylgja).

Tre sagatekstar nemner Torgerd. I Soga om færøyingane (Færeyinga saga) og Njålssoga (Njáls saga) blir det skildra besøk i hòvet på Lade, og begge tekstane fortel at ho hadde ein gullring. Den eventyrprega Soga om jomsvikingane (Jómsvíkinga saga) fortel at Håkon Ladejarl ofra den sju år gamle sonen Erling til Torgerd og Irpa for å få hjelp til å vinne slaget i Hjørungavåg. Sjølve blotinga skal ha blitt utført av trælen Skofte Kark. Resultatet vart uvêret som også er skildra av Snorre i Soga om Olav Tryggvasson (illustrasjon Christian Krohg).

Torgerd er òg kalla Hǫldabrúšr, Hǫrgabrúšr, Hǫršabrúšr og Hǫlgatroll.

Njålssoga (frå kapittel 88)

«Då for Håkon jarl på gjesting til Gudbrand. Om natta drog Viga-Rapp til gudehuset som jarlen og Gudbrand åtte og gjekk inn i huset. Han såg Torgjerd Holdabrud sitja der. Ho var så stor som ein velvaksen man, på armen hadde ho ein stor gullring og skaut på hovudet. Han nappa skautet til seg og tok gullringen av henne. Då ser han Tor og kjerra hans og tek ein annan ring frå han. Så tok han ein tredje av Irpa og drog dei alle tre ut og ribba dei for all stasen. Så sette han eld på gudehuset og brende det opp.»

Omsett av Aslak Liestøl, ny utgåve ved Jan Ragnar Hagland (Det Norske Samlaget 1996). (Kan lesast på nett i bokhylla.no.)

Aktuelle norrøne tekstar på fleire språk (nettstaden Heimskringla):

Skáldskaparmál (kapittel 55 i den norrøne versjonen)
Færeyinga saga (kapittel 23 i den islandske versjonen)
Jómsvíkinga saga (kapittel 34 i den islandske versjonen)



Ansvarlig :
Idar Lind

Logg inn

© Den namngitte opphavsmannen / The named writer