Artiklar
Norrøn
   mytologi

Skribentar
Heimesider
Forfatteren
Studentteater
Supermaria
Om skrift.no

13.05.2013 · Oppdatert 21.05.2013:

Norrøn mytologi : Trælar

Om dei mytologiske referansane i Håkon og Kark. (Tekst Idar Lind, musikk Frode Fjellheim.) (korsvikaspillet.no)


Tre slekter i manne-ætta
Den eine av desse trælen

Han laga gjerder
gjødsla åkrar
dreiv fram svin
gjætte geiter
grov opp torv

Verset frå opninga av Håkon og Kark bygger på Edda-diktet Rigstula (Rígsþula). Teksten fortel om korleis guden Heimdall under namnet Rig vart stamfar til dei ulike samfunnsgruppene, stendene i det norrøne samfunnet. Trælane var den lågaste av stendene, dei to andre var bøndene og jarlane.

Rigstula fortel at Edda var gift med Åe. Med Edda fekk Rig sonen Træl, som vart gift med Tir. Dei fekk sønene Reim, Fjosne, Klur, Klegge, Kjefse, Fulne, Drumb, Digralde, Drott, Hosve, Lut og Leggjalde, og døtrene Drumba, Kumba, Økkvinkalva, Årinnevja, Ysja, Ambått, Eikintjasna, Totrughypja og Tranebeina. Frå desse kjem alle trælar.

Tolking av namna er vanskeleg, men somme representerer posisjonar i samfunnet eller familien (Ái, ‘oldefar’; Ambátt, ‘trælkvinne, tenestejente’; Edda, ‘oldemor’; Fjósnir, kanskje ‘fjøskar’; Þír, frå Þý, ‘trælkvinne’; Þræll, ‘træl’;).

Fleirtalet av namna er skildrande (Arinnefja, ‘ei som rotar med nasen i elden’; Digraldi, ‘tjukking’; Drǫttr, ‘lat, sein kar’; Drumbr og Drumba, truleg ‘tjukking’; Eikintjasna, ‘uroleg, masete kvinne’; Fúlnir, kanskje av fúlna, ‘stinke’; Hreimr, frå ‘låt, jamring, skrik’; Høsvir, eigentleg ‘den grå’; Kumba, truleg ‘tjukking’; Lútr, ‘den lute’; Tǫtrughypja, ‘fillet eller tynt kledd kvinne’; Trǫnubeina, ‘ei med tranebein’; Økkvinkalfa, ‘ei med tjukke legger’).

Aktuell Edda-tekst på fleire språk (nettstaden Heimskringla):

Rígsþula (vers 2-12 i den nynorske versjonen)

Frostatingslova

Lovverket i kristen tid hadde reglar for det å halde trælar. Den versjonen av Frostatingslova  som vi kjenner, fekk si form i 1260, under Håkon Håkonsson, men mykje av innhaldet er eldre.

Eit av kapitla handlar om frelsesøl, som var den rettsgyldige seremonien der ein træl kunne kjøpe seg fri. Dette er eitt av mange kapittel i lova som dokumenterer at trælen ikkje var rettslaus, sjølv om han var ufri.

IX 12 Om frelsesøl
«Om ein træl kjem seg til jord eller gard, då skal han gjera frelsesøl for seg, kvar mann øl av ni mæler malt, og gjera fyrste snittet i ein vêr. Ein friboren mann skal skjera hovudet av, og husherren hans skal taka halsløysinga av halsen på han. No vil husherren hans gjeva honom løyve til å halde frelsesøl, då skal han med to vitne be husherren om å få gjera frelsesølet sitt og byda honom med fem mann til drykkjelaget han vil halda som frelsesøl for seg. [. . .] Han skal i alle høve halda det og lata høgsetet åt husherren og kona hans vera i fred. Men om husherren hans røkjer etter om han har gjort frelsesølet sitt, då skal han føra fram vitna sine, dei som var til stades og drakk det ølet, og lata dei bera vitne om det på tinget. No ber dei fram vitne på at det var fullt etter lova, då skal det så vera. Frå då av skal det kunngjerast kvar tiande vinter, og han skal dra nytte av dei vitna når han tarv å taka til dei. Det er fullgyldig jamvel om det ikkje vert kunngjort kvar tiande vinter, når dei som høyrde det på tinget, kan bera vitne på det.»

Halsløysing: Dette synest å vera den summen som trælen gir for å verta fri. Truleg har denne vore lagt i ein pung e.l. Det er ikkje klårt om formuleringa «av halsen på han» viser til vêren eller trælen. ([. . .] viser til at noko ser ut til å mangle i teksten.)

Kjelde: Frostatingslova. Omsett av Jan Ragnar Hagland og Jørn Sandnes (Det Norske Samlaget 1994).

Soga om Olav den Heilage

Ei framstilling ført i penna av Snorre Sturlason omkring 1230:

«23. Erling [Skjalgsson] hadde jamt 30 trælar heime på garden, omfram andre tenestefolk; han gav trælane sine eit visst dagsarbeid, og sidan gav han dei stunder og lov til å arbeide åt seg sjølve i skuminga og om nettene, om dei ville. Han gav dei åkerland til å så korn på, og avlinga vart deira eigendom. Han verdsette dei og la løysepengar på dei, og det var mange som løyste seg fyrste eller andre året; men alle som hadde nokor lykke med seg, løyste seg på 3 år. For desse pengane kjøpte Erling andre trælar; men dei som hadde løyst seg, sette han anten til sildefiske eller til anna arbeid som dei kunne leva av; somme av dei rudde skogar og sette bu der, og alle sette han i god veg på einkvan måten.»

Illustrasjon: Erik Werenskiold.


Ansvarlig :
Idar Lind

Logg inn

© Den namngitte opphavsmannen / The named writer