Artiklar
Norrøn
   mytologi

Skribentar
Heimesider
Forfatteren
Studentteater
Supermaria
Om skrift.no

12.05.2013 · Oppdatert 15.05.2013:

Norrøn mytologi : Yggdrasil (Yggdrasill)

Om dei mytologiske referansane i Håkon og Kark. (Tekst Idar Lind, musikk Frode Fjellheim.) (korsvikaspillet.no)


Ask veit eg står
heiter Yggdrasil
høgt tre, vatna
med kvitande våg
Derfrå kjem dogg
som i dalane fell
Han står alltid grøn
over Urdarbrønnen

Det andre verset i opninga av Håkon og Kark har utgangspunkt i Edda-diktet Voluspå (Vǫluspá, ´volvas spådom´).

Yggdrasil (Yggdrasill, ‘redsels-hest; Odins-hest’, kanskje ein kjenning for ‘galge’) Verdstreet. Ein eviggrøn ask med greiner som breier seg over all verda. Under Yggdrasil er Urdarbrønnen, her bur nornene Urd, Verdande og Skuld. Kvar dag ausar dei vatn over treet, blanda med leire eller sand frå kanten av brønnen, for at det ikkje skal døy. Frå greinene fell dogg som biene lever av.

Yggdrasil har tre røter. Under den eine bur Hel, under den andre rimtussane, under den tredje menneska. Kvar dag har æsene ting ved Yggdrasil, Snorre fortel at dette skjer ved den rota som er i Midgard, der Urdarbrønnen er. Under rota hos rimtussane plasserer han Mimesbrønnen, og under rota i Nivlheim brønnen Kvergjelme. Her lever ormen Nidhogg som gneg treet frå undersida. I greinene til Yggdrasil bur ei ørn. Ekornet Ratatosk spring med bod mellom ørna og Nidhogg. Dei fire hjortane Dåin, Dvalin, Dunøyr og Duratro gneg i barken på treet. Snorre fortel at hauken Vêrfolne sit mellom auga på ørna.

Aktuelle Edda-tekstar på fleire språk (nettstaden Heimskringla):

Vǫluspá (vers 19-20 og 47 i den nynorske versjonen)
Grímnismál (vers 29-35 i den nynorske versjonen)
Gylfaginning (kapittel 14-15, 40 og 50 i den danske versjonen til Finnur Jónsson)






Ansvarlig :
Idar Lind

Logg inn

© Den namngitte opphavsmannen / The named writer