Artiklar
Norr°n
   mytologi

Skribentar
Heimesider
Forfatteren
Studentteater
Supermaria
Om skrift.no

11.05.2013 · Oppdatert 15.05.2013:

Norrøn mytologi : Yme (Ymir)

Om dei mytologiske referansane i Håkon og Kark. (Tekst Idar Lind, musikk Frode Fjellheim.) (korsvikaspillet.no)


Av kjøtet til Yme
vart jorda skapt
berg det vart av beina
himmel av den rimkalde
jotun-hausen
av blodet bårut sjø

Verset som opnar Håkon og Kark, har utgangspunkt i Edda-diktet Vavtrudnesmål (Vaf■rú­nismál). Her blir det fortald om korleis Odin og den  vise jotunen Vavtrudne kappast om å vera den som visste mest om korleis verda er, korleis ho vart skapt og korleis ho skal ende.

Før jorda vart skapt, eksisterte det store tomrommet Ginnungagap. I nordenden av Ginnungagap låg det kalde Nivlheim, i sørenden det heite Muspellheim. Da rimet frå Nivlheim møtte varmen frå Muspellheim, oppstod dei første levande skapningane, jotunen Yme og kua Audhumbla.

Yme (norrønt Ymir) er far til Trudgjelme, og stamfar til alle jotnar. Avkommet voks ut av kroppen hans: I armholene mann og kvinne, og føtene avla ein son med seks hovud.

Bors søner, som var Odin og brørne hans, drap Yme. Dei skapte jorda av kjøtet hans, berg av knoklane, stein og grus av tenner og knuste bein, hav og sjø av blod og sveitte, og skog av håret. Over dette sette dei skallen som himmel, og hjernen som skyer. Av augebrunene laga dei ein mur til vern omkring Midgard.

Yme levde i Ginnungagap av mjølk frå kua Audhumbla. Dvergane oppstod som markar i kroppen hans.  Av rimtussane blir han kalla Aurgjelme. Yme er også nemnt som Brime og Blåin.

Aktuelle Edda-tekstar på fleire språk (nettstaden Heimskringla):

Vǫluspá (vers 3-4 og 9 i den nynorske versjonen)
Vaf■rú­nismál (vers 21 og 28-33 i den nynorske versjonen)
Grímnismál (vers 40-41 i den nynorske versjonen)
Hyndluljó­ (vers 33 i den nynorske versjonen)
Gylfaginning (kapittel 4-13 i den danske versjonen til Finnur Jónsson)



Ansvarlig :
Idar Lind

Logg inn

© Den namngitte opphavsmannen / The named writer