Artiklar
Norrøn
   mytologi

Skribentar
Heimesider
Forfatteren
Studentteater
Supermaria
Om skrift.no

19.07.2013:

Norrøn mytologi : Håvamål (Hávamál)

Om dei mytologiske referansane i Håkon og Kark. (Tekst Idar Lind, musikk Frode Fjellheim.) (korsvikaspillet.no)


Sigurd:
Du veit ka det heite: Makta si bør den som har vett, berre bruk med måte.
Bergljot:
Og det veit du lik godt som mæ, Sigurd: Bruk makta må du, om du vil hold fast på ’a.


Replikken til Sigurd Ladejarl er eit visdomsord henta frå Edda-diktet Håvamål.

Håvamål (Hávamál, ‘den høges tale’) er eit gudedikt i Den eldre Edda. Teksten er lagt i munnen på Odin. Truleg har det eigentleg vore fleire sjølvstendige dikt. Den første delen er ei samling ordspråk. Den andre ei historie om korleis Odin forelska seg i Billings møy. Den tredje er om Suttungmjøden. Den fjerde er ei samling gode råd retta til Loddfåvne. Den femte er om Odin sjølv, ikkje minst tilhøvet hans til runer. I den sjette delen listar han opp atten ulike galdrar, tryllesongar, som han kan.


Ansvarlig :
Idar Lind

Logg inn

© Den namngitte opphavsmannen / The named writer