Artiklar
Norrřn
   mytologi

Skribentar
Heimesider
Forfatteren
Studentteater
Supermaria
Om skrift.no

21.05.2013:

Norrøn mytologi : Jarlar

Om dei mytologiske referansane i Håkon og Kark. (Tekst Idar Lind, musikk Frode Fjellheim.) (korsvikaspillet.no)


Tre slekter i manne-ætta
Den tredje av desse jarlen

Han fekk eige
odelsvollar
odelsvollar
utgamle bygder
Ein-eigar vart han
atten gardar


Verset frå opninga av Håkon og Kark bygger på Edda-diktet Rigstula (Rígsţula). Teksten fortel om korleis guden Heimdall under namnet Rig vart stamfar til dei ulike samfunnsgruppene, stendene i det norrøne samfunnet. Jarlane og høvdingane var den høgaste av stendene, dei to andre var trælane og bøndene.

Rigstula fortel at Moder var gift med Fader. Med Moder fekk Rig sonen Jarl, som vart gift med Erna. Dei fekk sønene Bur, Barn, Jod, Adal, Arve, Mog, Nid, Nidjung, Svein, Son, Kund og Kon. Frå desse kjem alle jarlar. Far til Erna heitte Herse.

Det er påfallande at mens kontakten mellom Rig og stammødrene til trælar og bønder gav både søner og døtrer som barnebarn, er det her berre lista opp søner. Og Erna er den einaste av dei tre ektefellane der faren er oppgitt, og da med høvdingtittelen Herse som namn. Alt dette er med på å gi jarlane ei særstilling i samfunnet.

Tolking av namna er vanskeleg, men i hovudsak representerer dei posisjonar i samfunnet eller familien. (Ađal, truleg ‘odel’; Arfi, ‘arving’; Barn, ‘barn; menneske’; Burr, ‘son’; Fađir, ‘far’; Hersir, ‘herse, høvding’; Jarl, ‘jarl, høvding’; Jóđ, ‘(nyfødd) barn, avkom’; Konr, ‘ætling, son, mann’; Kundr, ‘son, ætling’; Móđir ‘mor’; Mǫgr, ‘son, mann’; Niđr, ‘ætling, slektning’; Niđjungr, ‘ætling, etterkommar’; Sonr, ‘son’; Sveinn, ‘gut; kar; fri mann i teneste’). Erna er omsett med ‘den raske’.

Illustrasjon: Håkon Ladejarl var trulig den mektigaste jarlen i norsk historie. Her i Christian Krohg sin strek, saman med Tora på Rimol og trælen Tormod Kark.

Aktuell Edda-tekst på fleire språk (nettstaden Heimskringla):

Rígsţula (vers 26-47 i den nynorske versjonen)


Ansvarlig :
Idar Lind

Logg inn

© Den namngitte opphavsmannen / The named writer