Artiklar
Norrøn
   mytologi

Skribentar
Heimesider
Forfatteren
Studentteater
Supermaria
Om skrift.no

05.09.2013:

Idar Lind : Grønt val (av Idar Lind)

Som ung miljøaktivist var eg med på å tape kampen om Alta-vassdraget. Som enda yngre var eg med på å vinne kampen mot atomkraft i Norge. Sigrane var færre enn nederlaga, ikkje minst fordi vi mot oss hadde eit tungt stortingsfleirtal av Arbeidarpartiet og Høgre.



I dei delane av miljørørsla som eg var i kontakt med, oppfatta dei fleste seg som uavhengige av dei etablerte politiske blokkene. Noko anna var unaturlig, sjøl om Høgre hadde sine verdkonservative naturvernarar og Bratteli-regjeringa i 1972 gav oss verdas første miljøvernminister. Men botanikkprofessor Olav Gjærevoll og etterfølgarane hans fungerte mest som miljøpolitisk kosmetikk.

Ein god illustrasjon av situasjonen er at den første planen for Alta-utbygginga var ein 56 kilometer lang kunstig sjø mellom Alta og Kautokeino, noko som ville lagt størstedelen av samebygda Masi under vatn. Eit anna eksempel er planen om å legge motorveg over Bakklandet. Absurd i dag, naturlig tankegang i dei to største partia til langt inn på 70-talet.

Somme prøvde å erstatte todelinga raudt-blått med ein trekant der det tredje hjørnet var grønt. Andre satsa på ein kombinasjon av miljø- og klassekamp. Erik Damman etablerte Fremtiden i våre hender med eit program som mange aksjons- og organisasjonsorienterte meinte la for stor vekt på det individuelle ansvaret. Ein eldre aktivist (han nærma seg tretti) meldte seg inn i AP i håp om å reformere partiet frå innsida. Eg veit ikkje kor lang tid det tok før han gav opp kampen mot kraftsosialistane.

Vi vann nokre slag og tapte fleire. Aksjonane førte til at trehusområda på Bakklandet og Møllenberg vart vedtatt verna, men dyrkamark vart nedbygd, elver lagt i røyr og oljeaktiviteten flytta lengre og lengre mot nord. Alta-aksjonistane vart fjerna av politiet og vassdraget bygd ut, men i kjølvatnet av saka kom Sameloven og Sametinget med store positive endringar for urbefolkninga.

Samtidig skjedde det ei mentalitetsendring. Miljøspørsmål og distriktspolitikk sneik seg inn i partiprogramma også til dei sentrale motstandarane våre. Offentlige miljøetatar begynte å drive den slags faglig utgreiingsarbeid som miljøaktivistane før hadde gjort – til dels med tidligare aktivistar som saksbehandlarar. Det kan vel hende at somme av oss sovna litt i trua på at vi hadde oppnådd noko.

Atomkatastrofen i Tsjernobyl i april 1986 minna oss på at vi hadde rett, da vi drygt ti år tidligare peika på det farefulle i å basere kraftproduksjon på denne teknologien. Risikoen for kva som kunne skje i eit samfunn i forfall, var nettopp eitt av argumenta. Den gongen vart vi beskyldt for å drive med skremselspropaganda.

Og likevel er det ikkje dei store katastrofane som er den største faren, men den sakte og usynlige øydelegginga av naturen. Risikoen for global oppvarming var kjent allereie for førti år sia, men den gongen såg vi enno ikkje konsekvensane i praksis. No smeltar isen ved polane mens den norske staten aukar oljeformuen sin, sekund for sekund.

Det positive er at det eksisterer ein miljø- og klimaopposisjon i Norge. Ikkje berre i form av aktivistar, men også på Stortinget. Og som tilfellet var på 1970-talet, er det dei små partia mot dei store. Forskjellen er regjeringssamarbeidet. For ein trufast SV-veljar (med unntak for 1987, da partiet var med på å legge ned trikken) har det ikkje alltid vore like lett å applaudere det raudgrøne prosjektet. Lista over tapte miljøsaker er lang. Oljeutvinning i Barentshavet, monstermaster i Hardanger, motorveg gjennom Åkersvika naturreservat ved Hamar, nedbygging av dyrkamark i Trondheim. Og velsigna av SP-statsråd Ola Borten Moe får Statoil halde fram med utvinninga av oljesand, noko som øydelegg livsgrunnlaget for urbefolkninga i Canada, raserer enorme naturområde og bidrar sterkt til auka utslepp av CO2.

På den andre sida: Med ei rein AP-regjering ville ikkje berre desse sakene ha vore tapte. Med støtte frå Høgre og FrP hadde prosessen for å starte oljeleiting utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja allereie vore i gang.

Det er dessutan ingen tvil om at dei små regjeringspartia har hatt større makt enn stemmetala tilseier. På miljøfeltet er skrytelista til SV så lang at eg berre skal sitere eit utval: Tredobla investeringar i jernbane, seksdobla satsing på kollektivtransport, lov om forvaltning av mangfaldet i naturen, tre milliardar i året til regnskog, elleve nye nasjonalparkar, meir skatt for oljenæringa, 27 prosent reduksjon av utslepp frå bilar og auka tilrettelegging for sykkel. Dessutan er Mørebankane og Jan Mayen verna mot oljeleiting – til så lenge.

Spørsmålet er om eg helst vil tilbake til den blokkuavhengige posisjonen frå tida som ung miljøaktivist. Som litt eldre og ikkje fullt så aktiv, bur eg i ein bydel som aksjonane på 70-talet berga frå sanering, og eg er medlem av ein klimaaksjon starta av norske forfattarar. Eg har landa på at i denne valkampen er vern av gyteområda i nord den viktigaste saka på kort sikt. Tjuefire år etter Tsjernobyl skjedde ein eksplosjon på boreriggen Deepwater Horizon i Mexicogolfen med ekstreme konsekvensar for naturen. Ingen kan garantere at noko liknande ikkje skjer utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja.

På berre litt lengre sikt, for situasjonen er akutt, er klimaet den viktigaste saka. For dei av oss som vil at Statoil skal ut av oljesandprosjektet i Canada, er det einaste reelle alternativet ei raudgrøn regjering der Ola Borten Moe ikkje lenger er olje- og energiminister. Kanskje ikkje heilt sannsynlig, men det er lov å håpe.

Klimasituasjonen er akutt og den unge miljøaktivisten frå 70-talet ville ikkje ha tatt seg tid til å vente på at Miljøpartiet De Grønne med si sjarmerande samling programpostar veks av seg barnesjukdommane. (Han ville uansett ikkje ha stemt på eit parti som er for meir omfattande kontantstøtte enn KrF, eller mot karbonfangst, eller for uspesifisert samarbeid mellom skolemedisin og alternativ medisin, eller for redusert vern av opphavsrett til åndsverk.)

Og den nokonogtjue år gamle versjonen av meg sjøl ville ha sett at Erna Solberg i førarsetet og Siv Jensen som kartlesar, det er eit risikofylt alternativ for miljøet.


Ansvarlig :
Idar Lind

Logg inn

© Den namngitte opphavsmannen / The named writer