Artiklar
Norrøn
   mytologi

Skribentar
Heimesider
Forfatteren
Studentteater
Supermaria
Om skrift.no

08.05.2012 (Kronikk i Adresseavisen 9.5.2012):

Idar Lind : Hans Rotmo, «de» og «vi»

Da karikaturen Stutum dukka opp i NRK i 1972, var det som ein parodi på dei fordomsfulle haldningane som året etter fekk sitt eige parti. Ti år seinare slo humorgruppa Banana Airlines gjennom med songar på gebrokkent innvandrarnorsk. Mange har undra seg over at Hans Rotmo no står fram som ei krysning av desse to fenomena. Det gjer ikkje eg.



Eg har følgd karrieren til Hans Rotmo sia hausten 1973, da Vømmøl-universet dukka opp i norsk radio. Eit par år etter hadde vi den første private praten, mellom anna om å spele el-bass. Mange samtalar og mange år seinare var Friedrich Nietzsche eitt av fleire tema. Ikkje lenge etter kom teaterstykket «Bønder i solnedgang» med undertittelen «En folkekomedie om seinskader av trygd».

Avstanden er stor mellom «Fjøsvisa» («Kuskit og fjøs», 1975) og teaterstykka «Bønder i solnedgang» (2000) og «Trekkspellkrigen» (2002). I Vømmøldalen var bøndene ærlige arbeidsfolk som var hardt plaga av staten, samvirkeorganisasjonane og storkapitalen. Tjuefem år seinare er dei reduserte til passive mottakarar av subsidiar og trygd: «No må vi kom på bane / alle trygdenarkomane / foren eder / i glade trygdegleder.»

I 1980 var eg med på å arrangere konserten der plata «Vårres jul» vart lansert, til stor jubel frå alle oss som var til stades. Rotmo ville ta jula tilbake frå kristenfolket, ei gruppe som ikkje akkurat omfamna prosjektet. Tretti år seinare opplevde eg «Vårres jul 2» som ein humørlaus nedtur. Det forundra meg at anmeldarane tok så lett på det tekstlige venstrehandsarbeidet, men enda meir forundra det meg at ingen kommenterte den gjennomgåande depressive, dystopiske tonen. Dei einaste  reaksjonane gjaldt tittelsongen.

I det første verset får Tor veta at han skal døy. Han vil ikkje ha prest i gravferda, berre at vennen Hans Rotmo skal synge «Vårres jul». Men Tor overlever og konverterer til islam, og i det siste verset bryt han med fortida: «Snart må du slutt / å søng Vårres jul.» Den opplagte tolkinga er at islam ikkje berre er ein trussel mot dei kristne, men også mot dei religionskritiske. Rotmo skriv i ein kommentar i tekstheftet: «Da Stortinget vedtok religionsfrihet vedtok de i teorien at Norge kunne bli muslimsk.»

Med gruppa Trossetrua Band har Hans Rotmo no lansert songen «Vi fra andre» der han tar på seg den gebrokne innvandrarrolla: «Vi ere en nasjon vi med / vi ifra andre stater. / Vårt nye land vi frydes ved / og aldri det forlater.» Mange har plassert opphavsmannen i kategorien rasist, men på nettsida trossetrua.no går det fram at temaet er «innvandrere som stempler svinekjøtt som ureint, fornekter homofili og går inn for omskjæring og flerkoneri». Rotmo prøver å ha ryggen fri, han vil ikkje framstå som generell innvandringsmotstandar, han vil berre peike på at «innvandringen byr på store utfordringer».

Eg har vore ein stor fan av Hans Rotmo i snart førti år. Som tekstforfattar har han mange sterke sider, men subtil ironi og elegant understatement er ikkje mellom desse. Grovt skyts har alltid vore varemerket hans, og det er sjeldan nokon tvil om kor kanonen peikar.

Som tekstforfattar har eg ei handfull kjepphestar. Ein av desse er at om du legg ein tekst i munnen på ein rollefigur, skal det som kjem ut vera noko som personen faktisk kunne ha sagt. Idealet er at den parodierte sjøl skal nikke gjenkjennande, mens resten av publikum ler av dumskapen.

Bjørn Sand opplevde at publikum tok karikaturen Stutum på alvor, han vart ein som sette ord på dei tankane som fekk mange til å stemme på Anders Langes parti. Parodien vart ein talsmann for dei parodierte. Og Gustav Lorentzens harselas «Eg ve te Bergen» er blitt ein populær allsong – i Bergen.

Hans Rotmo går den motsette vegen når han syng «vi lukter hasj og løk» og «vi kutter og snitter i snopper og fitter / på gutter og jenter og nykonvertitter». Ingen person formulerer seg slik, men som eit eksperiment kan vi bytte ut «vi» med «de» gjennom heile teksten. På magisk vis fører eit enkelt skifte av pronomen til at rollefiguren blir truverdig. Formuleringane blir plasserte der dei hører heime, i kommentarfelta under dei Rotmo-kritiske artiklane i nettavisene.

Etter mitt skjønn er «Vi fra andre» ein faglig sett svak tekst, og da har eg ikkje kommentert den underliggande ideologien. Vi kan velje å ta Rotmo på ordet og tru på at han ikkje vil ramme innvandrarar generelt, berre dei «som stempler svinekjøtt som ureint, fornekter homofili og går inn for omskjæring og flerkoneri», men da blir det siste verset problematisk:

«Vi jobber og sliter og pisser og driter / mer enn både nordmenn og briter / Hver tyrkisk mexicansk polakk / er bestandig blakk»

Eg har prøvd å skrive denne artikkelen på ein slik måte at Hans Rotmo kan vera einig i det meste – men trulig ikkje i at «Vi fra andre» er ein faglig sett svak tekst. Eg trur heller ikkje at han vil protestere når eg hevdar at det går ei klår ideologisk line gjennom produksjonen hans dei siste drygt tjue åra, etter at han på slutten av 80-talet hadde ein kort flørt med Arbeidarpartiet. Rotmo meiner det som tekstane gir uttrykk for: Bønder får seinskadar av trygd og mange muslimar står for at «om noen år så skal du se / vi starter revolusjonen».

Dystopismen til Hans Rotmo er ideologisk fundert. Det er ikkje tilfeldig at nettsida trossetrua.no kvar veke presenterer eit Nietzsche-sitat. I skrivande stund: «Den som kjemper mot uhyrer - må passe på at han selv ikke blir et uhyre.»

Foto frå Feginsfestivalen 1982, Småbergan i Trondheim. Fotograf: Idar Lind.


Ansvarlig :
Idar Lind

Logg inn

© Den namngitte opphavsmannen / The named writer