Artiklar
Norrøn
   mytologi

Skribentar
Heimesider
Forfatteren
Studentteater
Supermaria
Om skrift.no

03.07.2011 (Avisa Sør-Trøndelag 2.7.2011):

Idar Lind : Gestapo-agenten frå Skaun

I avisa Sør-Trøndelag etterlyste 30.6.2011 ein lesar meir informasjon om ei ung kvinne på eit gammelt fotografi. Dette førte til at eg skreiv denne teksten:


Avisa Sør-Trøndelag hadde 30. juni ei etterlysing av informasjon om Marie Arentz. Eg er kjent med at det er familiemedlemmar som helst hadde sett at denne historia vart glømt, men eit internettsøk fører kjapt til denne overskrifta i Dagbladet: ”Sjalu Rinnan hengte og parterte ekskjæresten.” Historia er også presentert i fleire bøker som kan lesas på nettet. Min versjon kjem til hausten, i boka Kvinnene i Rinnanbanden.
    Framstillinga i Dagbladet-artikkelen er diskutabel, det gjeld også bruken av ordet ”kjærast”. Det er mulig at Marie Arentz i ein periode hadde eit forhold til Henry Rinnan, men bandeføraren var ein kronisk skjørtejeger. Kva som førte den alvorlige ungjenta på fotografiet inn i Nasjonal Samling, er uvisst. Størstedelen av familien skal ha vore gode jøssingar som reagerte negativt på at to av søstrene frå Sim ved Laugen begynte å interessere seg for nasjonalsosialismen. I 1941 arbeidde Marie Arentz ved fylkeskontoret til NS på Steinkjer. Her vart ho venninne med Ragnhild Strøm, den første kvinna som vart verva av Rinnan.
    Marie Arentz vart Gestapo-agent i slutten av mai 1942. Innsatsen gjekk ut på å infiltrere motstandsarbeidet i Midt-Norge gjennom å gi seg ut for å representere Heimefronten i Trondheim. Dette gjekk langt meir tekkelig for seg enn mytane om Rinnanbanden gir inntrykk av.
    Hos fleire av bandemedlemmane bygde det seg opp motvilje mot det arbeidet dei utførte. Etter eit knapt års tid fekk Marie Arentz hjelp av Gestapo-offiseren Walter Gemmecke til å slutte i banden. Det skjedde gjennom at ho verva seg til innsats på austfronten som ”frontsøster” i det tyske Røde Kors. Sommaren 1944 var ho tilbake i Trondheim. No forlova ho seg med Bjørn Bjørnebo som også hadde bakgrunn som agent for okkupasjonsmakta.
    I april 1945 bestemte paret seg for å rømme til Sverige. Bjørnebo fekk kontakt med ei motstandsgruppe og lova at han skulle avsløre alt han kjente til om tysk etterretning. Problemet var at denne gruppa var bygd opp på initiativ frå Henry Rinnan, sjøl om medlemmane trudde at dei arbeidde for den norske etterretningstenesta i London. Resultatet var at Marie Arentz og Bjørn Bjørnebo vart likviderte på makabert vis i hovudkvarteret til Rinnanbanden. Det skjedde mindre enn to veker før frigjeringsdagen.


Ansvarlig :
Idar Lind

Logg inn

© Den namngitte opphavsmannen / The named writer